Professor i sjukepleie Høgskolen i Nesna

Om høgskolen


Høgskolen i Nesna har ca. 1200 studenter og ca. 110 ansatte. Høgskulen tilbyr grunnskulelærarutdanning, førskulelærarutdanning, sjukepleieutdanning, IT-utdanning og masterutdanning i musikk og naturfag samt etter- og vidareutdanningar. Høgskulen har hovudsete på Nesna og permanent studieverksemd i Mo i Rana og Sandnessjøen.

Høgskolen i Nesna er ein liten institusjon med god kontakt mellom tilsette og studentar. Høgskulen legg særleg vekt på den regionale forankringa på Helgeland. Les mer om Høgskolen i Nesna

Professor i sjukepleie

Søknadsfrist : 01.12.2012

Antall stillinger: 1

Tiltredelse Stillingstype Arbeidstid
Etter avtale Fast ansettelse, Deltid Dagtid
Arbeidssted Fagområder Yrker
Alstahaug Pedagogiske fag Professor
Arbeidserfaring Utdanningsnivå Bransjer
Ingen krav oppgitt Mastergrad eller høyere Forskning og utvikling

Om stillingen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen
Se også alle studier innen: Pedagogiske fag
Det er ledig 20 % stilling som professor II i sjukepleie ved Høgskolen i Nesna, institutt for sjukepleie.

Institutt for sjukepleie er lokalisert i Sandnessjøen med kommune- og spesialisthelsetenesta på Helgeland som hovudpraksisfelt. Hovudverksemda ved instituttet er konsentrert om samlingsbasert deltids, bachelorutdanning i sjukepleie, samt ulike vidareutdanningar i sjukepleie eller av fleirfagleg/tverrfagleg art. Bachelorstudiet i sjukepleie er ei praksisorientert utdanning med stor vektlegging på rettleiing og refleksjon i praksisstudia.

Ansvars- og arbeidsområde
Vi søkjer etter professor II som kan være med å styrke det akademiske miljøet ved instituttet, styrke forsking- og utviklingsarbeidet samt utvikle hovudområdet sjukepleie.  Rettleiing av kollegiet vil være eit heilt sentralt arbeidsområde.

Vi søkjer etter professor II med kompetanse innanfor kvalitativ forskingsmetodikk med særleg vekt på fenomenologisk og/eller hermeneutisk basert forsking. Søkjarar som har forska innanfor ei kroppsfenomenologisk og/ eller livsverd forståing og tilnærming, vil bli føretrekt. Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på evne til kunnskapsformidling, omfang og innhald i forsking samt vitskaplege publikasjonar. Det vil også bli lagt vekt på personleg dugleik til stillinga.

Kvalifikasjonskrav
For tilsetting som professor krevst det eit vitskapleg nivå i samsvar med nasjonale og internasjonale standardar. Det krevst og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. Søkjarar må i tillegg til innsending av CV og arbeid som skal danne grunnlag for vurdering av vitskapleg kompetanse, også legge ved opplysingar om og dokumentasjon av slike kvalifikasjonar. All dokumentasjon må føreligge på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Det vises forøvrig til ¿Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger¿ frå 09.02.2006.

Tilsetting skjer i styret ved Høgskolen i Nesna på grunnlag av sakkyndig vurdering av søkjarane. Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Lønns- og tilsettingsvilkår
Den som vert tilsett må rette seg etter dei til ei kvar tid gjeldande lover, avtaler og instruksar for statstilsette og personale ved statlege høgskolar. Undervisningspersonale må og delta i aktivitetar som inngår i plan for praksiskontakt. Arbeids- og ansvarsområde kan endrast som følgje av omstilling ved høgskolen. I samband med desentraliserte studium kan det påreknast ein del reiseverksemd.

Høgskolen i Nesna praktisere kjønkvotering i samsvar med hovudavtalen § 21. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssameining og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn.

Søknad med rettkjente kopier av vitnemål og attester blir å sende til Høgskolen i Nesna, 8700 Nesna. Søkjarar vil bli vurdert av et sakkunnig utval, og må leggja ved 3 eksemplar av CV og rettkjende kopiar av vitnemål og attestar.

Lønn: Stillinga er lønt etter Statens lønnsregulativ i stillingskode1013 Professor. Frå lønna blir det trekt lovbestemt innskott i Statens pensjonskasse


Epost: postmottak@hinesna.no

Adresse: 8700 NESNA


Web: www.hinesna.no
Telefon: 75 05 78 00
Telefaks: 75 05 79 00

Søknadsinformasjon

Søknad merkes: Professor i sjukepleie
Søknadsfrist : 01.12.2012