Team for tidleg innsats i Gloppen kommune.
Vi utviklar eit målretta tiltak for tidleg innsats, og lyser ut to 100 % mellombels stillingar for pedagogar som skal arbeide i eit nyoppretta team. Teamet skal arbeide praktisk med å utvikle barnet sitt miljø i dei kommunale og private barnehagane.
Arkivsaksnummer er 14/777. Søknadsfrist er 1. mai 2014.
Kvalifikasjonar for stillingane
Vi ynskjer fagpersonar med gode praktiske ferdigheter og erfaring innan rettleiing, arbeid med fleirspråklege barn, barn med språkvanskar og arbeid med samspel mellom barn og vaksne.
Dei tilsette i teamet får leiar av PPT som sin næraste overordna, og blir knytt til fagmiljøet i Grandane senter der PPT har felles lokale med helsestasjon, barnevernsteneste og kommunepsykolog. Det daglege arbeidet blir ute i barnehagane.
Teamet får ikkje oppgåver knytt til sakshandsaming og sakkunnig arbeid, men skal arbeide sjølvstendig og vere eit lågterskeltilbod til barnehagane.
Du som søkjer stillingane har pedagogisk grunnutdanning og helst tilleggsutdanning i migrasjonspedagogikk, spesialpedagogikk eller tilsvarande. Vi ynskjer både søkjarar med hovudfag/mastergrad og søkjarar med anna vidareutdanning innan dei aktuelle fagområda.
Vi ynskjer at du også har erfaring frå arbeid med barn i førskulealder.
Du får høve til å delta på etter- og vidareutdanning gjennom satsinga «Eit løft for ei endå betre PP-teneste».
Ved tilsetjing blir det lagt spesielt vekt på personlege eigenskapar. Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere fleksibel og løysingsorientert, ha god systemforståing, god munnleg og skriftleg framstillingsevne og god relasjonskompetanse.
Stillingane er i første omgang prosjektstillingar for perioden 01.08.2014-31.12.2015, men det er gode sjansar for fast tilsetjing.
Lønn etter avtale.
Dei som blir tilsett må kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Det blir kravd politiattest ved tilsetjing.
Nærare opplysningar om stillingane får du hos leiar for strategi- og tenesteutvikling, Pål Sandal, tlf. 979 91 056 eller leiar for PPT, Hilde Nødset, tlf. 979 91 071.
Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside. Merk søknaden med 14/777 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare
Adresse: 6823 SANDANE