Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Ledige stillingar i dei kommunale barnehagane i Gloppen
Gloppen kommune har tre kommunale barnehagar: Hyen skule og barnehage, Breim barnehage og Mona barnehage. Administrasjonsmålet er nynorsk. Kommunen har full barnehagedekning og er ein av dei fremste kulturkommunane i landet. Kommunen har eit godt samarbeid med fylkeskommunen og vi driv mellom anna det nye kultur- og idrettshuset Trivselshagen saman. Det er låg arbeidsløyse i kommunen og både næringsliv og kommune har trong for kompetente medarbeidarar på nær sagt alle kompetansenivå. Besøk kommunen si nettside eller www.gloppen.no for meir informasjon om kommunen, stillingane og kva vi har å by på.
Arkivsaksnummer: 14/714. Søknadsfrist: 21. april 2014.
Mona barnehage har ledig: - Barnehagelærar i 80 % fast stilling - Kan bli ledig vikariat for pedagog (i større eller mindre stillingar) - Migrasjonspedagog 20 % fast - Inntil 200 % stilling (vikariat) som assistent/fagarbeidar.
Krav til utdanning: - Bachelor som barnehagelærar - gjerne fordjupning i utefag/friluftsliv - Migrasjonspedagog/erfaring med, eller utdanning innan, arbeid med fleirspråklege barn.
Barnehagen har fokus på fysisk aktivitet og friskliv. Difoir vil det bety mykje for oss at den som søkjer stillingane har interesse for og kompetanse innanfor desse områda.
Breim barnehage har ledig: - Fast styrarstilling, ved internt opprykk kan assisterande styrarstilling verte ledig - Inntil 170% barnehagelærar (om lag 90% er vikariat).
Breim barnehage sine satsingsområder er Entreprenørskap, LØFT og likestilt læringsmiljø. Det er ønskeleg med kompetanse/erfaring ifht sosio-emosjonelle vanskar/tilknytning. Barnehagen jobbar mykje med den aktive vaksenrolla og har stort fokus på barn sin medverknad. Driv eige hønseri og gartneri som del av den pedagogiske verksemda/entreprenørskap. Språkutvikling generelt og opp mot fleirkulturelle barn vil vere i fokus i det daglege arbeidet i barnehagen.
Vi forventar at alle tilsette i barnehagane våre - er trygge IKT-brukarar - har fokus på samspel og relasjonar med og mellom born - er fleksible og løysingsorienterte - har evne og vilje til å rettleie og vere i endring - er strukturerte og kan arbeide både sjølvstendig og i team - synleggjer fagkompetansen sin og har evne til å leie ei barne-/personalgruppe.
Vi tilbyr: - Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis - Variert arbeid i positivt miljø i barnehagar med høg fagleg standard - Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Oppgje i søknaden kva stillingar du søkjer på og referansar. Denne utlysinga dekkjer også eventuelle andre stillingar i barnehagane som vert ledige fram mot oppstart hausten 2014. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding.
Søknadsfrist for alle stillingane er 21. april 2014.
Elektronisk søknad Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si nettside: gloppen.kommune.no Merk søknaden med 14/714 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.