Vil du vere med på å løyse viktige samfunnsoppgåver? Tollregion Oslo og Akershus søkjer to konsulentar til årsavgiftskontoret Årsavgiftskontoret er ein del av regelavdelinga, som arbeider med regelforvalting, prosedyrar og saksbehandling innanfor toll- og avgiftsområdet (forvaltings- og offentleglova og straffelova). Avdelinga har òg ansvar for å utføre toll- og avgiftsrevisjon.
Årsavgiftskontoret har 23 medarbeidarar og har ansvar for årsavgift og omregistreringsavgift på køyretøy. Saksansvaret omfattar å fastsetje rett avgift og førebu saker til Toll- og avgiftsdirektoratet, som er det overordna organet.
Ein vesentleg del av arbeidet er å svare på spørsmål om årsavgift på telefon og e-post og å behandle skriftlege søknader. Arbeidsdagen er tidvis prega av hektisk aktivitet, men innhaldet er variert.
Arbeidsoppgåvene dine vil hovudsakleg vere:
* å behandle søknader
* å svare på telefonar og e-postar
* å samarbeide med tenestemenn på fleire fagfelt med ulik kompetansebakgrunn
Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:
* du har fullført og bestått treårig vidaregåande skule
* du kan uttrykkje deg godt både skriftleg og munnleg
* du arbeider sjølvstendig og er løysingsorientert og strukturert
* du har evne til å ta initiativ
* du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr:
* interessante og varierte arbeidsoppgåver
* eit godt tverrfagleg miljø med dyktige medarbeidarar
* gode høve til faglege utvikling og eit triveleg arbeidsmiljø
* fleksibel arbeidstidsordning
* treningsfasilitetar
* lønn etter Statens regulativ – lønnsramme 17
* gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Den som blir tilsett, kan bli pålagd å gjennomgå eit internt opplæringsprogram.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagd til rette.
Tollvesenet er for tida i ein omstillingsprosess der forvaltinga av særavgifter (inkludert årsavgift) og innførselsmeirverdiavgift vil bli overført til skatteetaten. Ansvar og oppgåver vil truleg bli endra som følgje av dette.
Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Dag H. Ramsjø på tlf. 22 86 06 45.
Søknadsfrist 07.05.2014. Merk søknaden 22/2014.
Sted: Oslo
Kontakter:
Kontorsjef Dag H. Ramsjø, tlf: 22 86 06 45
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]