Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Vi har ledig stilling som norsklærar for framandspråklege elevar som er i introduksjonsprogrammet eller i andre kurs vi tilbyr.
Di rolle: - Norsklærar for framandspråklege elevar i fast stilling på dagtid - Praktisk og teoretisk tilrettelegging og førebuing rundt undervisning - Samarbeid i team med Integreringskoordinator - Arbeide målretta for å gjeva elevane god språkopplæring - Stillinga rapporterer til dagleg leiar
Din profil: - Relevant utdanning og bakgrunn - Har eit menneske- og verdisyn som harmonerer med oppgåvene våre innan attføring og integrering - Er fleksibel og tek i eit tak der det trengst - Engasjert, sjølvstendig, kontaktskapande og gode samarbeidsevner
Telemark Lys tilbyr: - Mangfald med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn - Konkurransedyktige løns- og arbeidsforhold
Har du spørsmål om stillinga, kontakt Dagleg leiar Halfdan Haugan, tlf. 913 98 700.
Send søknad med CV til halfdan@telemarklys.no innan 18. august.
Telemark Lys AS er 100 % eigd av Fyresdal kommune. Målet vårt er å vere ein motiverande ressursbank for deltakarane våre i deira arbeid med å finne den rette vegen inn i, eller tilbake til yrkeslivet. Vi driv tilrettelegging for personar som av ulike årsaker treng ein tilpassa jobb. For å få til dette har vi ulike arbeidsarenaer, så som kafé, vaktmeister/vedlikehaldsoppgåver og vedproduksjon. I Fyresdal næringshage driv vi i dag Kafé Teisner og har driftsansvaret for bygget. Vi koordinerer integreringsarbeidet i kommunen og har ansvaret for gjennomføring av introduksjonsprogram for vaksne innvandrarar. Ein viktig del av verksemda er kursavdelinga som tilbyr opplæring innanfor fleire område, blant anna språkopplæring og dataopplæring.
Les mer om
Telemark Lys
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.