Sjukepleiar ved Åsavegen bu- og avlastingsteneste
Vi har ledig 60% fast stilling som sjukepleiar med verknad frå 18.08.2014.
Avlastingstenesta yter tenester til barn og unge med spesielle behov. Tenestene vert i hovudsak gitt i Solsikka avlastingsbustad, eller/ og i heimen til barna.
Dei tilsette skal gje eit fagleg forsvarleg godt tilbod til barna, og no har vi ledig stilling for sjukepleiar som i tillegg til direkte arbeid med barna, skal vere med å utvikle/ planlegge tilbodet.
Arkivsaksnummer er 14/1103. Søknadsfrist er 1. august 2014.
Hovudarbeidsoppgåver
- Ansvar for utvikling og vedlikehald av prosedyrar, og kvalitetssikringssystem
- Planlegging/organisering av tilbodet (i samarbeid med einingsleiar)
- Samarbeid med andre fagpersoner, og pårørande
- Stilliga er integrert i personalstaben på Solsikka.
Kvalifikasjonar for stillinga
- Grunnutdanning i sjukepleie
- Ynskjeleg med vidareutdanning i akuttsjukepleie, helsesøster, eller barnesjukepleie
- God IT-kompetanse
- Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med barn med spesielle behov vert vektlagd.
Personlege eigenskapar
Du må vere ansvarsfull, ha gode samarbeidsevner samtidig som du har evne til å jobbe sjølvstendig, - og har evne til omstilling og problemløysing.
Lønns- og arbeidsvilkår
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding.
Stillinga er organisert i turnus med arbeid kvar 3.helg.
Nærare opplysningar får du hos einingsleiar Petra Laurhammer, tlf 906 83 573.
Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside. Merk søknaden med 14/1103 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.
Adresse: 6823 SANDANE