Statens vegvesen har ei viktig og sentral rolle i trafikksikkerheitsarbeidet. For å oppnå høg trafikksikkerheit, er kontroll av kjøretøy og bilførarar, samt bruken av kjøretøy på veg, svært viktige tiltak. Trafikant- og kjøretøyavdelinga i Region vest har ansvaret for etatens kontrollvirksomheit på desse områda. Eit overordna mål for Statens vegvesen er å redusere tal drepne eller hardt skadde i trafikken.
Statens vegvesen Region vest treng ein ny medarbeidar til kjøretøyseksjonen i område Sør-Rogaland, ved Stavanger trafikkstasjon. Stillinga er knytt til nemnde stasjon, men ein må rekne med å bli send på oppdrag i heile regionen.
Vi er ute etter ein person som skal forvalte lover og forskrifter i direkte dialog med kunden. Du må difor trivast med kundekontakt og ha vilje til å utvikle dine kommunikasjonsevner, samt vere positiv til å kombinere myndigheitsrollen med tenesteyting.
Arbeidsoppgåver- Kontroll av lette kjøretøy i hall og ute på veg
- Kontroll av tunge kjøretøy i hall og ute på veg
- Diverse sakshandsaming innan kjøretøyteknisk område
- Informasjon innan kjøretøyteknisk område
Oppgåvene vil i nokon grad kunna tilpassast søkjaren sin kompetanse og interesser.
I samband med kontrollarbeid på veg må ein pårekna arbeidstid på kveld, natt og helg.
Kvalifikasjonar- Eksamen frå ingeniørhøgskule, maskin- eller bilteknisk linje eller anna relevant ingeniørutdanning. Alternativt Teknisk fagskule og/eller fagbrev som bilmekanikar, og brei praksis frå godkjend verkstad
- Det er ønskeleg med kjennskap til tunge kjøretøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Det er ønskjeleg med førarkort i alle klasser. Kandidatane må minimum ha førarkort klasse B og tilfredsstille krava for å ta førarkort i dei andre klassane
Vi legg vekt på at du har evne til- Kommunikasjon og kundehandsaming
- Samarbeid, initiativ og innsatsvilje
- Å arbeide sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
- Å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi kan mellom anna tilby- Ein arbeidsplass med stor takhøgd, godt fagmiljø og spennande arbeidsoppgåver
- Særs god moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Gunstige pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
- Løn i samsvar med etaten sin lønspolitikk, det vert trekt 2% til pensjonsordninga i Statens pensjonskasse
- Rimeleg leige av etaten sine bedriftshytter
- Fleksitid
Ein god og mangfaldig arbeidsplassStatens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av klare og trygge rammer for våre medarbeidarar. Sjølv om det til tider er hektisk hos oss, og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har høve til fleksibel arbeidstid. Vi ynskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.
SøknadStatens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hos oss ? uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion og etnisk bakgrunn. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. I så fall blir du varsla om det.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT (
www.nokut.no).
Sted: Stavanger
Tiltredelse: Snarest
Kontakter:
Dag Folkestad, tlf: 47 51 91 16 01, mob: 47 95 92 33 98
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]