Vi har ledig 75 % vikariat som sjukepleiar ved avd. Oreteigen på Gloppen omsorgssenter med verknad frå snarast råd til 30. september 2015.
Arkivsaksnummer er 14/1255. Søknadsfrist er 12. september.
Hovudarbeidsoppgåver
Søkjer etter deg som er interessert i å jobbe med eldre menneske med ulike hjelpebehov. Stillinga har varierte arbeidsoppgåver som stell og pleie, tillaging og utdeling av medisin, samarbeid med lege og pårørande, ein skal sjå pasienten i heilheit m.m. Verdiar som står sentralt hjå oss er kunnskap, respekt og omsorg.
Kvalifikasjonar for stillinga
Vi søkjer etter ein medarbeidar med godkjend utdanning som sjukepleiar/vernepleiar, med krav om gode norsk kunnskap både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team, og bidra positivt i arbeidsmiljøet.
Lønns- og arbeidsvilkår
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Stillinga er organisert i turnus med arbeid kvar 3.helg.
Nærare opplysningar får du hos einingsleiar Cecilie M. Helgheim tlf 958 41 732.
Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside. Merk søknaden med 14/1255 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.
Adresse: 6823 SANDANE
Web: www.gloppen.kommune.no