Kjeve/ØNH vaksenpost høyrer til Klinikk for hovud-hals. Posten har 22 senger og har inneliggande pasientar over 18 år med ein kjeve eller ønh diagnose. Ei stor pasientgruppe er pasientar med kreft i hovud-hals. Hovud-hals klinikken har regionalt ansvar i Helse Vest for utreiing og behandling av denne pasientgruppa.
Frå januar 2015 blir det ledig 65% fast stilling på natt.
Helse Bergen ønsker som hovudregel å tilby fulle faste stillingar. Dersom du ønsker full stillingsprosent, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved klinikk for hovud-hals. Ved ekstrabehov ved klinikk for hovud-hals vil du arbeide dei fleste av vaktene der.
Arbeidsoppgåver- Pre- og postoperativ sjukepleie.
- Mottak og oppfølging av elektive og øyeblikkelig innlagde pasientar.
Kvalifikasjonar- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Utdanningsretning- Sjukepleie
- Utdanningstittel: Sjukepleie
Utdanningsnivå- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Like varierte utfordringar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr- Opplæring
- Turnus med arbeid pt. kvar 3.helg
- Godt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Lønn i samband med gjeldande overeinskomt
Andre opplysningar- Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 26.01.2015
Arbeidssted:5021 Bergen
Kontaktinfo:Ann-Cathrin Midtun, Avdelingssjukepleiar, 55972708
Hossein Tehrani, Ass.avdelingssjukepleiar, 55973502
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2379199883
Stillingsbrøk: 65%
Fast
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Søknadsfrist: 23.11.2014