Sjukepleiar - Kirurgisk klinikk (ref.nr. 2384573737)
Kirurgisk avdeling post 2 er ei avdeling med 20 sengeplassar for hovudsakleg kirurgiske pasientar med sjukdom i urinvegane. Vi har eit tett samarbeid med kirurgisk avdeling post 5, som har ein ny oppstartet kirurgisk overvakingsstue, i tillegg til endokrinkirurgiske og urologiske pasienter. Vi har og et tett samarbeid med urologisk poliklinikk.
Kirurgisk avdeling post 2 har nå ledig vikariat i 75% stilling som sjukepleiar. Vikariatet er for 6 månader med moglegheit for forlenging.
Helse Bergen ønsker som hovudregel å tilby fulle stillingar. Dersom du ønsker full stillingsprosent, kan du få dette ved delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt.
Arbeidsoppgåver- Generell observasjon, pleie og behandling av hovudsakleg elektive pasientar med sjukdom i urinvegane, i tillegg til pasientar som blir lagd inn ved akutt sjukdom.
Kvalifikasjonar- Autorisert sjukepleiar
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
UtdanningsretningUtdanningsnivå- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar- Strukturert, sjølvstendig
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Løysingsorientert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø og like varierte utfordringar
- Samarbeidsvillig
SpråkVi tilbyr- Urologisk eining har fokus på personleg vekst og høgt fagleg nivå.
- Vi tilbyr eit trygt og godt arbeidsmiljø som gir god moglegheit for fagleg utvikling.
- Det blir arrangert 2 fagdagar i klinikken i løpet av året.
- Det blir tilbydd interne og eksterne kurs til dei tilsette.
Andre opplysningar- Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 05.01.2015
Arbeidssted:5021 Bergen
Kontaktinfo:Beate Etim, Avdelingssjukepleiar, 55973551,
beate.etim@helse-bergen.noNøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 2384573737
Stillingsbrøk: 75/100%
Vikariat
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Søknadsfrist: 07.11.2014