Vi har ledig 50 % vikariat som pedagogisk leiar ved Breim barnehage for perioden 01.01.2015 - 30.06.2015.
Arkivsaksnummer er 14/1728. Søknadsfrist er 10. desember 2014.
Hovudarbeidsoppgåver
Den tilsette skal ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiskarbeid. Vedkomande må vere styrande og støttande i sin leiarfunksjon, både mot personale, foreldre og i barnegruppa. Den som vert tilsett må jobbe i tråd med Rammeplan og Årsplan for barnehagen.
Kvalifikasjonar for stillinga
Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med godkjend utdanning som barnehagelærar, men opnar opp for at andre kan søkje. Den tilsette må ha praksis frå barnehage.
Personlege eigenskapar
Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team. I tillegg vil vi legge vekt på at vedkomande kan bruke ikt som verkty i arbeidet. Må ha fokus på samspel og relasjon og vere med å utgjere ein del av kontinuiteten på avdelinga. Vektlegge tydeleg leiarskap som sikrar flyt i kommunikasjon og prosessar. Ha ro og vere reflektert kring sine valg som leiar og vektlegge rettleiing av personale.
Positivt med erfaring frå Entreprenørskap eller Løft som er barnehagen sine satsingsområde.
Lønns- og arbeidsvilkår
Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For tilsettinga gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding.Ver venleg å gje opp referansar, då dette vert vektlagt ved tilsetting.¿
Nærare opplysningar får du hos einingsleiar Anette Støyva, tlf 46 87 35 68.
Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside. Merk søknaden med 14/1728 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.
Søknadsskjema