Jobbnorge ID: 110592
Ved Forsvarets høgskole/Fokus Oslo er det frå 1.april 2015 til 30.mars 2016 ledig vikariat som rektor kode 0214 med åpning for forlenging og fast tilsetting.
I tilfelle internt opprykk kan det i same tidsrom verte ledig stilling som undervisningsinspektør.
Fokus (Forsvarets kompetanse- og utdanningssenter) er ein del av Forsvarets høgskole og gir tilbod
om karriereveiledning og sivil kompetanseheving for personell i Forsvaret.
Fokus Oslo har ansvar for denne utdanninga i Osloområdet. Arbeidsstad for den utlyste stillinga
er Gardeleiren på Huseby. Næraste overordna er sjef Fokus.
Ansvarsområde:Organisere og lede det pedagogiske og administrative arbeidet ved Fokus Oslo for å løyse oppdraga og nå dei måla som kjem fram i Sjef FHS sin plan for verksemda i Fokus. Stillinga inneber ansvar for tildelte fagområde, både pedagogisk, administrativt, økonomisk og med omsyn til personell, inklusive lærlingar.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:Administrasjon og forvaltningsoppgåver, gjennomføring av karriereveiledning samt tilrettelegging for kursverksemd - primært for vernepliktige soldatar og verva personell.
Krav til stillinga:Formell utdanning frå universitet eller høgskole med min. bachelorgrad men ønskelig med mastergrad innen fagområda pedagogikk, karriereveieldning eller leiing. Det krevs minimum 3 års erfaring som leiar.
Det er ønskeleg med god kjennskap til ulike utdanningar i det sivile skoleverket, erfaring frå og kjennskap til Forsvaret som organisasjon og god digital kompetanse. Det er også ønskeleg med erfaring frå kursadministrasjon og merkantil kompetanse.
Særskilt relevant erfaring og anna utdanning kan etter vurdering kompensere for manglande formell utdanning.
Søkarar må kunne tryggleiksklarerast for avgrensa.
Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner.
Søkaren må vere villig til å gjennomgå vidare utdanning/kurs innan relevante saksområde.
Det må påreknast ein del reiseverksemd i arbeidet. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Diverse opplysningar:Lønn for stillinga etter Statens lønnsregulativ, ltr 65 - 74 (p.t kr 559 600 - 662 700 brutto pr. år) ut frå kvalifikasjonar. Det trekkjes 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.
Opplysningar om stillinga, arbeidsmiljøet, arbeidstid og liknande kan ein få ved å kontakte sjef Fokus Fredrik Hanssen, tlf 77897150 /97048716.
Evt ledig vikariat som undervisningsinspektør kode 1187 for samme periode.Ved eventuell intern tilsetting, kan det bli ledig vikariat som undervisningsinspektør, kode 1187, same stad. Arbeidsoppgåvene er ikkje ulike dei som gjeld for stillinga over. Vennligst presiser i søknaden om du er søkjar på begge stillingane.For at søkarlistene skal vere korrekte, må søkarskjema vere komplett utfylt.Kopiar av vitnemål og attestar legges ved søknaden elektronisk.Søknadspapira vert berre returnert om ein ber om det.
Se annonsen og søk på stillingen
www.jobbnorge.noWeb: www.hogskolene.forsvaret.no/forsvarets-hogskole/Sider/forsvarets-hogskole.aspx