Geomatikar til prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal
Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!
Vi søkjer etter ein geomatikar med hovudoppgåver innan innmåling og oppfølging av mengder/målebrev. Arbeidet krev at du er store deler av arbeidsdagen ute på anlegget. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.
Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.
Arbeidsoppgaver:- Oppfølging av målebrev
- Foreta innmåling på anlegget
- Kvalitetskontroll av geometrien
- Fagleg bistand ovenfor dei andre tilsette i prosjektet
- Kvalitetskontroll av eksterne leveransar innan fagområdet
- Rutiner for kvalitetskontroll og intern rapportering i prosjektet innan fagområdet
- Utarbeidelse av FDV
Kvalifikasjonar og bakgrunnDu har utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, frå fagområdet geomatikk eller andre relevante fagretningar. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Vi krev at du har førerkort for bil (klasse B).
Vi søkjer etter omgjengelege og målretta personar, både erfarne og nyutdanna. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne stillinga, samt gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.
Du må vere initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (
www.nokut.no).
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utviklingSom tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr også desse goda:- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll
Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Sted: Bergen
Kontakter:
Knut B.Langeland, tlf: 47 908 25 871, Sverre Ottesen, tlf: 47 5111801, mob: 47 97619460
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]