Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse
Askvoll kommune
Ferievikarar 2015 innan helse og omsorg 2015 2. gangs utlysning (helsefagarbeider) (Saksnr. 2015/250)
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
FERIEVIKARAR INNAN HELSE OG OMSORG 2015 SAKSNR 2015/250
Helse og omsorgsetaten i Askvoll kommune treng ferievikarar i tida 22.06.15 - 16.08.15 innan heimetenesta, på institusjon og i stillingar knytt opp til barn og ungdom.
Vi søkjer difor etter
Høgskuleutdanna innan helse og sosialfag
Helsefagarbeidarar
Assistentar innan pleie, reinhald, vaskeri og kjøkken
Askvoll kommune treng òg vikarar for reinhaldar ved Askvoll legesenter.
I søknaden må du setje opp i prioritert rekkjefølgje kvar du ønskjer å arbeide, kor mykje og kva tidsrom du kan arbeide. Ferievikarar som kan arbeide minimum 6 veker vil bli prioritert. Helse og omsorgsetaten har bonusordning for ferievikarar som kan arbeide 5 veker samanhengande i siste del av ferieperioden. Studentar innan helse- og sosialfaglege utdanningar har eiga avlønning etter Lønspolitisk plan for Askvoll kommune.
Det er ønskjeleg at søkjarar til pleie som ikkje har utdanning har relevant praksis.
Omsorgsetaten nyttar elektronisk dokumentasjonsverktøy, Acos cos.doc. Det vert gjeve naudsynt opplæring.
Alle som skal arbeide i direkte brukarretta teneste må ha sertifikat og disponere bil.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Ta gjerne kontakt med seksjonsleiarane for meir informasjon, tlf. 57 73 45 00.
Alle som ønskjer arbeid som ferievikar må søkje elektronisk via vårt digitale søknadssenter på Askvoll kommune si heimeside.
Askvoll, eit knutepunkt mellom sjø og land. Kommunen har 3000 innbyggjarar og ligg sentralt på kysten av Sogn og Fjordane. Ekspressbåt til Bergen (2,5 t) og Florø (30 min), og ein time med bil til fylkessenteret Førde. Kommunen strekkjer seg frå bygdene ved Førdefjorden i aust til Bulandet i vest Vil du utfalde deg i flott natur, både til vanns og til fjells, er det rom for slike eventyr i Askvoll..
Les mer om
Askvoll kommune
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.