Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Breim skule
Vi har ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/barnevernspedagog eller med tilsvarande kompetanse frå 01.08.2015.
Arkivsaksnummer er 15/504. Søknadsfrist er 30. april 2015.
Breim skule er ein fulldelt 1-7 skule og ligg på Byrkjelo i Gloppen kommune. Det er 18 km til kommunesenteret Sandane.
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule.
Administrasjonsmålet er nynorsk. Kommunen har full barnehagedekning og er ein av dei fremste kulturkommunane i landet. Kommunen har eit godt samarbeid med fylkeskommunen og vi driv mellom anna det nye kultur og idrettshuset Trivselshagen saman. Det er låg arbeidsløyse og både næringsliv og kommune har trong for kompetente medarbeidarar på nær sagt alle kompetansenivå. Besøk kommunen si nettside eller www.gloppen.no for meir informasjon om kommunen og kva vi har å tilby.
Breim skule er ein av to Pals skular i kommunen. Skulen har 122 elevar og 25 tilsette. Skulen har SFO ordning.
Vi set respekt, ansvar og omsorg svært høgt og vektlegg positive og tydelege tilbakemeldingar til elevane i det daglege arbeidet.
Skulen brukar Garden som pedagogisk lærestad i delar av opplæringa.
Hovudarbeidsoppgåver Å tilretteleggje/følgje opp elevar med ulike hjelpebehov i skulekvardagen. Samarbeide med lærarar og assistentar/fagarbeidarar. Samarbeide med ulike hjelpeinstansar.
Krav til kvalifikasjonar: Autorisert vernepleier, barnevernspedagog eller med tilsvarande kompetanse. Erfaring fra målretta arbeid med barn og unge. Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og ha evne til heilheitleg/tverrfagleg tenkjing.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi oppfordrar menn til å søkje.
Lønns- og arbeidsvilkår Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest før tiltreding.
Nærare opplysningar får du hos rektor Marianne Kårstad Raad tlf. 909 21 368.
Elektronisk søknad Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside. Merk søknaden med 15/504 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter
Lagre stillingen
Du kan lagre denne stillingen i en personlig liste.