Fagleiar administrasjon
Øst-Finnmark sivilforsvarsdistrikt søkjer ein serviceinnstilt og ansvarsfull fagleiar som vil vere éin av tre medarbeidarar i administrativt team ved kontoret i Kirkenes.
Arbeidsoppgåver
- personellforvaltning av dei tenestepliktige i distriktet
- arkiv og dokumenttryggleik
- støtte distriktssjef i personaladministrasjon og økonomistyring
- budsjettansvar innanfor eige fagområde
- vareta god samhandling med operativt team og logistikkteam
Kvalifikasjonar- utdanning innanfor økonomi/administrasjon er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- gode IKT-ferdigheiter
- ønskjeleg med erfaring med elektroniske arkivsystem
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- førarkort kl B
Personlege eigenskapar- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- serviceinnstilt
- nøyaktig og strukturert
- sjølvstendig og ansvarsfull
- proaktiv og løysingsorientert
Generelle opplysningar
- DSB legg vekt på å sikre mangfald med omsyn til kjønn, alder og etnisk bakgrunn i rekrutteringa si
- opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde jf. Offl. §25
- Sivilforsvaret bruker uniform som arbeidsantrekk
Vi tilbyr- spennande og variert jobb som gjev opning for samfunnsengasjement og brei kontaktflate
- høve til å påverke eige fagfelt
- varierte arbeidsoppgåver
- engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- Fagleiar blir avløna som sivilforsvarsadjutant (SKO 0331) med årsløn frå 370.500 til 467.700. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønstrinn vurderast.
Om stillinga og distriktet
Det administrative teamet i distriktet har tre medarbeidarar i to årsverk. Teamet har som hovudoppgåve å støtte distriktssjefen og dei andre teama ved kontoret med oppgåver innanfor økonomi, personellforvaltning, arkiv, dokumenttryggleik og andre administrative støttefunksjonar. Fagleiar står ansvarleg overfor distriktssjef for resultatoppnåing innanfor teamet sitt ansvarsområde. Fagleiar vil også ha eit fagansvar for å lære opp medarbeidarar i operativt team og logistikkteam i administrative oppgåver, og i tillegg vareta ein kvalitetskontroll av utføringa av slike oppgåver.
Etter ei tid i stillinga vil den som blir tilsett, bli vurdert for å gå inn i vaktordninga ved distriktet. Det vil då bli gitt opplæring i nødvendige operative funksjonar.
Ved større innsatsar og hendingar, der bistand frå sivilforsvaret er aktuelt, kan det vere aktuelt å rykkje ut for å yte bistand til dei operative avdelingane i innsats. Det er nødvendig at den som blir tilsett har god fysisk og psykisk helse. Stillinga vil i periodar innebere noko reiseverksemd.
Den som blir tilsett må vere villig til å gjennomføre nødvendig kurs og opplæring. Opplæring vil bli planlagd og tilrettelagd som ein del av tilsetjinga.
Øst-Finnmark sivilforsvarsdistrikt dekkjer 10 kommunar i Øst-Finnmark. Distriktet har operative avdelingar med over 200 tenestepliktige i 7 kommunar. Distriktskontoret ligg i Kirkenes med avdelingskontor i Vardø. Distriktet har totalt 8,2 årsverk. Hovudoppgåva vår er å sørgje for at avdelingane i distriktet gjennom opplæring, årlege øvingar og materielltilsyn er i stand til å forsterke nød- og beredskapsetatane ved behov. Eventuell bruk av sivilforsvarsressursar blir koordinert gjennom distriktskontoret som også har døgnkontinuerleg beredskapsvaktordning. Elles varetek vi andre beredskapsoppgåver knytte til blant anna befolkningsvarsling og tilsyn med tilfluktsrom.
Les mer på vår
Arbeidssted:Dr. Wesselsgate 19, 9900 Kirkenes
Kontaktinfo:Terje Meyer, distriktssjef, 958 08 881
Nøkkelinformasjon:Annonsør:
Ref. nr.: ØFSFD 01/2015-N
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Adresse: 9915 KIRKENES