Omtale av arbeidsstaden
Det er 3 grunnskular i Bø, med til saman 690 elevar. Bø ungdomsskule ligg sentralt til i Bø sentrum og er den einaste ungdomsskulen i kommunen. Skulen har skuleåret 2015/2016 - 210 elevar og omlag 30 årsverk. Det arbeidas mykje med utvikling av skulen, og det er det siste året iverksett fleire store utviklingsarbeid. Det er fokus på kva for praksis ein utøver i skule - og fokus på eit heilskapeleg opplæringsløp for barna.
Kort om stillinga
17,16% mellombels stilling som pedagog i tida 01.01. - 31.07.2016.
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
Ønskjer søkjarar med fagkompetanse innan tysk, og med pedagogisk utdanning.
Personlege eigenskapar
Bø kommune treng lærarar som vil vere med å utvikle skulen, likar elevar, står fram som klare leiarar, har rause haldningar og er fleksible i skulekvardagen.
Særskilte krav
Administrasjonsspråk er nynorsk, krav om politiattest
Vi tilbyr
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknad sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling" på heimesida:http://www.bo.kommune.no/sjolvbetening/ledige-stillingar/
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden. Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Kontaktperson
Gisle Bonna Espedalen, Rektor, mobil: 91802014,gisle.espedalen@bo.kommune.no
Adresse: Postboks 83 3833 BØ I TELEMARK