Om stillinga
Frå neste barnehageår, 13.08.2024 - 12.08.2025, har me ledig 100% vikariatstilling som barne- og ungdomsarbeidar i Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule.
Barnehageavdelinga ved Eivindvik barnehage og skule er lokalisert like ved skulen, i eige barnehagebygg. Sjå www.eivindvik.skule.no for årsplanar, bilete og meir informasjon.
På veg til dagsturhytta vår
Dei tilsette i barnehagane i Gulen kommune er oppteken av at barna skal få kome seg ut og bruke dei fantastiske naturmoglegheitene me har i heile kommunen. Dette kan du få verte ein del av.
Barnehagane i Gulen har:
- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
- Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon