<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Stavanger ungdomssenter - avd. Lindøy, Bufetat Til deg som ønskjer å vera med på å gjere ein forskjell for barn og unge

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Ved Stavanger ungdomssenter, avd. Lindøy, søker vi etter engasjerte miljøterapeutar. Vi har for tida ledig ein fast miljøterapeutstilling i 100 %. I turnus jobbar ein kvar 4. helg. Stillinga er ledig frå 1 april 2024. Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernslova  §§ 5-1, 3-2. Ungdommane er i alder frå 13 - 18 år.

Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår heimeside: 

Stavanger  ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy og Våland. Begge avdelingane har 4 plassar kvar.

Arbeidsoppgåver

  • Målstyrt miljøterapi med fokus på traumesensitiv tilnærming.
  • Hovudkontaktarbeid.
  •  Ivareta ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
  •  Reinhald og matlaging.
  •  Delta på ulike interne møtar som overlapping mellom vaktlaga, personalmøtar og ungdomsmøtar.
  •  Skriftleg dokumentasjonsarbeid og rapportskriving i Birk.
  •  Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, helseinstansar m.fl.

Kvalifikasjonar

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjare med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
  • Sertifikat kl. B


Det er også ønskeleg med erfaring og kjennskap frå:

  • Miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon.
  • Kjennskap til barns rettigheitar i institusjon, jf. barnevernslova. 
  • Traumebevisst omsorg.
  • Kartleggingsverktøy som Aseba og motiverande intervju.
  • Tryggleik og sikkerheit.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har gode evnar til å bygge relasjonar.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
  • Er løysingsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
  • Er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
  • Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
  • Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
  • Har god fysisk og psykisk helse.

Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.

Opplysningar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjør at vi kan løyse oppgåvane våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar, nyttar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Stavanger ungdomssenter avdeling Lindøy
  • Politiattest må leggas fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden.
  • Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønskjet ditt ikke tas til følgje.

Søknad med CV sendas elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Kim Elisabeth Wiik, avdelingsleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Lindøy 1

4013 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024




Logg inn for å se kontaktinformasjon
Om arbeidsgiveren
Om Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Les mer om Stavanger ungdomssenter - avd. Lindøy, Bufetat

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 01
    2024
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
1 ledig stilling

Se flere annonser

Nettpartner sin divisjon for Distribusjon har fast avtale innen vakt og beredskap med Elvia i Oslo. Vi har i dag
15.05.2024 Oslo
Send en åpen søknad til Trainee Narvikregionen! Vi deler din søknad med aktuelle arbeidsgivere i hele regionen!
Fortløpende Flere steder
Er du glad i faget ditt og ønsker en stilling i et stort og solid selskap? Da kan Bravida være
30.06.2024 Trondheim
Möchtest du spürbar etwas bewirken? Wir möchten einen wertvollen Beitrag zur Bewältigung von einigen der drängendsten Herausforderungen der Welt leisten.
28.04.2024 Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Flere steder
Vil du bli en del av vårt fantastiske team på sikkerhet? Vi er nå på jakt etter en serviceleder som
10.05.2024 Bergen
Ved vårt kontor i Verdal ønsker vi oss flere elektrikere/automatikere som vil bli involvert i og knyttet til vårt FM
Snarest Verdal
Er du klar for en ny utfordring? Vi er på jakt etter en ny serviceleder på rør! Avdelingen vår består
31.05.2024 Bergen
Vis alle 36.822 ledige stillinger

Fakta om Stavanger ungdomssenter - avd. Lindøy, Bufetat